Om oss

Om oss

Osterøy Ferjeselskap vart stifta 1. desember 2003 og registrert i Føretaksregisteret 24. februar i 2004. Selskapet er eit AS med 430 aksjonærar frå lokalmiljøet og området rundt Osterøy. Selskapet har 10 faste ansatte.

Osterøy Ferjeselskap søkte om ruteløyve på sambandet Breistein-Valestrand for å fortsetja med ferjedrift etter at HSD ville avslutta si drift 30. april 2004. Selskapet fekk ruteløyve for drift utan tilskot og starta opp 1. mai med innleigd ferje, M/f « Sand». Denne ferja gjekk til ho vart avløyst av M/f « Ole Bull» 19. juni same år. Det var TFDS som dreiv ferja på vegne av Osterøy Ferjeselskap med managementavtale.

Dette samarbeidet gjekk til 1. juli 2007. Då overtok Osterøy Ferjeselskap drifta sjølv etter å ha fått godkjenning som rederi med gyldig Tryggleiksstyringssertifikat.

Samarbeidspartnarar

20150608-ob-steffen-ronny-og-verner-01

Her er våre stopp